Adopsjon frå utlandet

Søknadfrist:
Skjema og retningslinjer (Bufetat)">

Innholdsfortegnelse

Beskrivelse

Formålet med adopsjon er å gi ein god og varig heim til eit barn som ikkje kan bli teken hand om av dei biologiske foreldra sine. Adopsjon inneber at den som blir adoptert, får same rettslege status som om den adopterte skulle ha vore adoptivforeldra sitt biologiske barn.

Kommunen si rolle i adopsjonssaker er å vurdere søkjarane og utarbeide sosialrapport. Søknaden skal deretter sendast over til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) for behandling. 

Adopsjonsbevilling blir berre gitt når ein kan forvente at adopsjonen vil bli til gagn for barnet.

Utanlandsadopsjon kan gjerast gjennom godkjend adopsjonsorganisasjon. I spesielle tilfelle der søkjarane har nær tilknyting til landet dei vil adoptere frå, kan godkjenning til utanlandsadopsjon skje utanom godkjend adopsjonsorganisasjon.

Dei fleste søknader om adopsjon av barn gjeld adopsjon av barn frå utlandet, men kvart år blir også nokre få norskfødde barn adopterte bort etter samtykke frå dei biologiske foreldra til barnet.

Målgruppe

Alle vaksne over 25 år, som ønskjer å adoptere eit barn.

Ved utanlandsadopsjon kan det einskilde givarland ha eigne krav til adopsjonssøkjarane (som minimums- og maksimumsalder, statsborgarskap, kor lenge ekteskapet har vart, utdanningsnivå, inntekt osb.). Adopsjonsorganisasjonane kan gi utfyllande opplysningar om krava til det einskilde givarlandet.

Vilkår

For å kunne adoptere eit barn frå utlandet, må ein vere godkjend av norske styresmakter. Ei slik godkjenning blir kalla førhandssamtykke. Det er givarlandet som gir den endelege godkjenninga.

Samarbeidspartnere

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat):
Om adopsjon
Informasjon om adopsjonsførebuande kurs

Dei tre godkjende adopsjonsforeiningane:
Adopsjonsforum
InorAdopt
Verdens barn
 

Veiledning

  1. Last ned og fyll ut søknadsskjema.
  2. Kontakt kommunen der du bur for å få utarbeidd ein sosialrapport.
  3. Kontakt ein adopsjonsorganisasjon for å få formidlingsstadfesting.
  4. Meld deg eventuelt på adopsjonsførebuande kurs. Dette er ikkje eit formelt krav, men vi oppmodar alle til å vurdere dette.
  5. Desse dokumenta skal leggjast ved søknaden:
    - Vigselattest
    - Fødselsattest for søkjarane
    - Legeattest for søkjarene, ikkje eldre enn 6 månader
    - Eigenerklæring helse for søkjarane
    - Utfyllande politiattest for søkjarene, ikkje eldre enn 6 månader
    - Likningsattest for søkjarane
  6. Barneverntenesta vurderer søkjarane og kjem med ei positiv eller negativ tilråding til adopsjon. Dei sender søknaden med vedlegg og ferdig sosialrapport til regionkontoret til Bufetat.
  7. Søkjarane får tilsendt ei stadfesting av søknad frå regionkontoret til Bufetat med opplysningar om forventa saksbehandlingstid.
  8. Det er rfegionkontoret til Bufetat som vurderer om førehandssamtykke kan bli gitt, eller om ein må avslå søknaden. Ved behov kan dei innhente tilleggsopplysningar.

Søknadsskjema

Skjema og retningslinjer (Bufetat)">

Skjema og retningslinjer (Bufetat)

Saksbehandling

Klage

Ein kan klage på eit eventuelt avslag på søknad om utanlandsadopsjon. Klaga skal adresserast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, men skal sendast til regionkontoret til Bufetat.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Dato oppdatert

11.01.2011 15:42:34

Søkeord

Adopsjon, adoptere, utlandet, adopsjonsorganisasjon, foreldre, barn
Sist publisert
22.05.2013