Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader.
Næringsdrivande som treng dokumentasjon på at dei driv ei seriøs verksemd. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgivar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.
Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattefogdkontoret i fylket vil kunne gi nærmare opplysningar rundt ordninga med skatteattestar.
Skatteattest får ein ved å kontakte skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt skattefogden i fylket). Oppgi gjerne organisasjons- eller personnummer.
Skatteoppkrevjaren i HemsedalGamlev. 43550 Gol
Tlf.: 3202 9050Fax: 3202 9043
Send e-post
skatt, inntekt, næring, attest, meirverdiavgift, moms, mva, verksemd, leverandør, oppdragsgjevar