Salgsløyve

Søknadfrist:

Søknader blir behandla etter kvart.

Innholdsfortegnelse

Beskrivelse

Salgløyvet gjeld for sal og utlevering av alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 % alkohol (tilsvarar øl). Løyver blir gitt for maksimum fire år om gangen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at den instansen som gir løyve, er underretta om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Målgruppe

Firma eller personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholprodukt med høgst 4,7 % alkohol kan søkje om salsløyve.

 

 

 

 

 

 

 

Vilkår

Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det krevst god vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar og ein fullmaktshavar som er knytte til salsstaden. Styraren og fullmaktshavaren må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova. Kunnskapsprøva blir gjennomført i kommunen. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda, og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova. Løyvet blir tildelt etter skjøn.

Samarbeidspartnere

  • Vaktselskap eller eigne kontrollørar 
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar) 
  • Skatteetaten (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren etterlever skatte-, avgifts- og reknskapslovgivninga)

Lover

Veiledning

Det krevst skriftleg søknad. Kommunen vil kunne hjelpe til med søknaden.

Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og fullmaktshavar for løyvet, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendes til kommunen, som fattar nytt vedtak.

Søknadsskjema

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
  • Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. 
  • I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer å endre i vedtaket og ei grunngjeving for dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
  • Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling. 
  • Det blir send tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Hemsedal kommune
3560 Hemsedal

Tlf. 31 40 88 00
E-post: Hemsedal kommune

Annen informasjon

Dato oppdatert

Søkeord

bedrift, alkohol, sal, dagleg leiar, styrar, innbytar, drift, planleggjing, kunnskap, vandel, løyve, verksemd, øl, økonomi, utlevering, firma, butikk, alkohollova, mat

Sist publisert
07.03.2013