Skjenkeløyve

Omtale

Gjeld tildeling av skjenkjeløyve for alkoholhaldig drikke. Løyvet blir gitt for høgst fire år om gongen. Løyvet fell bort når verksemda som har fått løyvet, blir overdratt til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at det styringsorganet som har innvilga løyvet,  har fått melding om dette, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som mogleg, og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Målgruppe

Skjenkjeløyve kan søkjast av personar eller verksemder som ønskjer å drive sal av alkoholhaldig drikke for drikking på staden.

seks grøne flaskehalsar

 

 

 

 

Vilkår

Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikke, må ha skjenkjeløyve. Det er eit krav om at det også må liggje føre eit serveringsløyve.

Det krevst god vandel.

Løyvehavaren må utpeike ein styrar og ein nestleiar som er tilsett ved serveringsstaden. Styraren og nestleiaren må begge ha greidd kunnskapsprøva om alkohollova og må vere over 20 år, og dei må oppfylle krava i alkohollova (og i serveringslova).

Løyve blir tildelt etter ei skjønnsmessig vurdering.

Samarbeidspartnarar

  • Vaktselskap som har avtale om å utføre skjenkjekontroll (mange kommunar nyttar ikkje vaktselskap, men har eigne kontrollørar)  
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og til sentrale personar) 
  • Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
  • Skatte- og avgiftsstyresmaktene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren rettar seg etter skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivninga)


Nærståande tenester

Rettleiing

Det krevst skriftleg søknad. Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om skjenkjeløyve.

Endringar i løyve kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar og nestleiar for løyvet, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforholdet. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen som fattar nytt vedtak.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker etter at vedtaket vart mottatt.
  • Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket. 
  • I klagen skal det opplysast og grunngjevast kva ein ønskjer endra i vedtaket. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
  • Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir oppretthalde, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling. 
  • Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

Hemsedal kommune
3560 Hemsedal

Tlf. 3140 8800
E-post: Hemsedal kommune

Annen informasjon

Søkeord

Alkohol, skjenkjing, løyve, pub, restaurant, drink, vin, øl, brennevin, champagne, sjampanje, utestad, diskotek, hotell, pensjonat, servering, dansestad
Publisert
18.06.2008
Sist endra
26.11.2010