Barnehageplass
Omtale
Barnehagen skal gi barn under skulepliktig alder gode utviklings- og aktivitetsvilkår i nær forståing med heimen. Barnehagen skal støtte heimane i deira omsorgs- og oppdragaroppgåver, og skape eit godt grunnlag for barna si utvikling, livslange læring og aktive deltaking i eit demokratisk samfunn.
Barnehagen skal ta omsyn til:
- alderen til barna
- funksjonsnivå
- kjønn
- sosial, etnisk og kulturell bakgrunn
Målgruppe
Barn frå 0 til 6 år som er busette eller vil bli busette i kommunen.

Vilkår
Desse blir prioriterte ved opptak:
- barn med nedsett funksjonsevne
- barn som barneverntenesta har overtatt omsorga for
- barn som har behov for hjelpetiltak frå barneverntenesta
Rettleiing
Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av barn og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er sams for alle barnehagane. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt for.
Søknadsfrist
1. mars kvart år til hovudopptaket.
Klage
- Ved hovudopptak kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass.
- Søkjar kan også klage dersom vedkomande korkje får sitt første eller andre ønske oppfylt.
- Ved supplerande opptak kan berre søkjarar som har lovfesta rett til prioritet, klage.
- Klagefristen er normalt 3 veker frå du mottok vedtaket.
- Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket.
Dersom kommunen finn at barnet skulle fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om den første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet først har fått tilbodet. Dersom klagaren ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen som er klageinstans.
Annen informasjon
Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak, for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass.
Søkeord
Barn, barnehage, etablering av barnehage, barnepark