Stortings- og sametingsval 2009
Val til Storting og Sameting vert halde kvart fjerde år.
Nyttar du stemmeretten din er du med på å velje dei personar og parti som skal styre landet vårt dei neste fire åra.
Hausten 2009 er det stortings- og sametingsval.
Valdag er i Hemsedal kommune fastsett til måndag 14.september 2009
Røystetider på valdagen er kl. 09.00 til kl. 20.00
Røystekretsane i Hemsedal kommune er:
Tuv (Tuv skule, gymsalen)
Trøim (Kommunehuset, kommunestyresalen)
Ulsåk (Ulsåk skule, gymsalen)
Om du ikkje har høve til å røyste på valtinget kan du røyste på førehand. Meir informasjon om dette og andre tema finn du i menyen til venstre.