Vassmålar. illustrasjonsfoto
Vassmålaravlesing 2011
Frist for å lese av vassmålaren var 31.12.2011, og for å rapportere inn målarstanden til kommunen er 7. januar.
Har du ikkje fått vassmålarkortet i posten ennå, kan du sende inn vassmålarstanden på e-post til postmottak@hemsedal.kommune.no eller ringe til Tenestetorget på telefonnummer 31 40 88 00.
Opplysningar du må oppgje
- kva eigedom det gjeld (gards- og bruksnr)
- vassmålarnr. og stand med alle tal
- sei gjerne frå om nokre av tala er raude.
- Er du i tvil om korleis du skal lese av målaren kan du gjerne ta eit bilete og sende det inn på epost.
Om kommunen ikkje mottek ein målarstand, vert forbruket stipulert etter tidlegare forbruk. Endringar i grunnlaget vert då fyrst gjeldande frå neste årsavlesning (pr 31.12.2012). Vassforbruket kan variere mykje frå år til år, så det er lurt sørgje for ei reell avlesing kvart år.
Alle abonnentar må levere avlesing, også der det har vore avlest i samband med eigarskifte i løpet av året.