Vasslekkasje og kloring av vatn

Status vasslekkasje Ulsåk

Arbeidet med reparasjon av vasslekasjen på Ulsåk har tatt lengre tid enn planlagt. Årsaka til dette er kulda som har gjort arbeidet vanskeleg. Vi forventar no at det meste av arbeidet vil vere ferdig i løpet av veke 51 og at det nye ledningsanlegget vert teken i bruk. I den forbindelse vil det bli satt i gang kloring av vatnet. Kloringa vil opphøyre etter kort tid.

Vasslekkasje Trøim

Vasslekkasjen i området bak Trøimshallen vart utbetra onsdag den 15.12.10.

Kloring av vatnet på Tuv

Vatnet på Tuv har i ein lengre periode vorte klora. Årsaka til dette er påviste bakteriar i råvatnet i sumar og haust. Dei siste månadene er det ikkje påvist bakteriar i råvatnet, men vi vel likevel å fortsette med svakklorering/vedlikehaldsklorering i tida framover.

Kloring av vatnet i Anderdalslia høgdebasseng

I Anderdalslia høgdebasseng viser vassprøvane at vi periodevis har for høgt kimtal. Vatnet i dette høgdebassenget, som forsynar området Skarsnuten og Veslestølen, vert difor svakklorert.

Publisert
15.12.2010
Sist endra
17.12.2010