Om du ikkje har høve til å røyste på sjølve valdagen er det mogleg å røyste på førehand.
Du kan røyste på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet. Dersom du røystar utanfor kommunen eller fylket du er registrert som busett i, vil ikkje vedkomande kommune ha din heimkommune/-fylke sine røystesetlar. Du vil difor vil få utdelt røystesetlar med kun namna på dei registrerte politiske partia, og må krysse av for eller skrive på kva for parti/gruppe du vil røyste på. Du kan også nytte røystesetlar som du har med deg frå eigen kommune/fylke.
Røystesetlane til kommunestyrevalet er kvite, medan røystesetlane til fylkestingsvalet er blå.
Tidlegrøysting
Du kan røyste frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen.
I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Hemsedal kontakte Tenestetorget i kommunen og avtale tid for å røyste tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.
Ordinær førehandsrøysting
Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan røyste på førehand heilt fram til og med 9. september.
Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster. I Hemsedal kan du røyste på førehand i Tenestetorget i kommunehuset i ordinær opningstid måndag til fredag kl. 09 – 15.
I tillegg vert det halde ope for førehandsrøysting same stad :
Torsdagane 25.august, 1.september, 8.september kl. 15 – 18
Laurdagane 27.august og 3.september kl. 10 - 14
Hugs å ta med valkort og legitimasjon!
Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er manntalsført må du vere ute i så god tid at røystegjevinga di når fram pr post til heimekommunen din innan valdagen.
Bygdaheimen
Kommunen tek også imot førehandsrøyster på helse- og sosialinstitusjonar. På Bygdaheimen vert det førehandsrøysting måndag 5.september kl. 10.30 - 12.30
Er du sjuk eller ufør?
Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få røyste på førehand heime, eller der du held til, såkalla ambulerande stemmegivning. Dersom du får samtykke i å røyste heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsrøysta der. Søknad om å få røyste heime må vere valstyret i hende seinast tysdag 6.september. Om du sender søknaden i posten er adressa :
Valstyret i Hemsedal, Kommunehuset, 3560 Hemsedal