Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Kjell Bakken
Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Kjell Bakken

Unikt nasjonalt vegprosjekt på gang.

Samferdselsminister Magnhild Kleppa har teke ”grep” saman med samferdselskomiteen og vegdirektoratet. Det er utarbeida ei forstudie som er kalla ”ØST –VEST PÅ TVERS”. Forstudien har sin bakgrunn i å konsentrere seg om ein vegkorridor i vegsambandet mellom Oslo og Bergen.

Enorme pengebeløp til dagens vegkorridorar

I dag er det alt for mange dalføre som har slik korridor og det må brukast enorme pengebeløp for å tilfredstille god vegstandard i alle dei 5 eksisterande vegkorridorane. Likeeins er det lagt stor vekt på å sjå på ein korridor utan å gå over høgfjellsovergang. Dette og for å tilfredstille ynskje frå transportnæringa med å legge fjellovergangen Rv 52 i tunnel.

Illustrasjon. Øst- Vest på tvers

Valdres og Hemsedal knytt saman med tunnel under Jukleeggi.

Forstudien omfattar vegstrekninga frå Sollihøgda til Borlaug i Lærdal via Valdres.
Kort oppsummert vil dette gå på

  • 3- feltsveg gjennom Begnadalen, då det ligg godt til rette med god plass i dette dalføre.
  • Vegen vert lagt utanom Fagernes og vidare vert det store omlegging av eksisterande E 16 mellom Fagernes og Vang.
  • Frå Vang vil det bli tunnel under Grindafjellet, vidare gjennom Klåen og under Jukleeggi til ca. 1 km vest for Breistølen på Rv 52 Hemsedalsfjellet.

Total tunnellengder vil bli ca 23 km, noko som er kortare enn Lærdalstunnelen. Det unike med denne tunnelen frå Vang til Breistølen er at lengda Oslo - Bergen vert korta inn med 25 km og at den kan utførast med dagstrekk i dalføret ved Klåen.

Rundkøyring og oppgradering av vegen gjennom Grøndalen sikrar næringsutvikling i Hemsedal

Der er det snakk om rundkøyring i Klåen med vegsamband til Hemsedal sentrum gjennom Grøndalen og at Grøndalsvegen vil få Rv- standard.

For Hemsedal vil dette bety veldig mykje for vidare næringsutvikling, heiter det i rapporten. Bergensmarkedet vil opne seg heilt på ein annan måte med transportetappe der ein unngår høgfjellsovergang. Det er truleg at det fort kan vere for liten sengekapasitet i Hemsedal med eit slikt vegsamband, og at utvikling av Røggelie kan skje med eksplosjonsretta fart. Tungtransporten gjennom Hemsedal vil så og seie bli fråverande.

Forstudiet peikar også på negative sider

  • Sokna - Ørgenvika og gjennomføring av denne kan bli utsett eller skrinlagt
  • Utbetring av flaskehalsar og midtdeler på Rv 7 gjennom Hallingdal kan bli lagt på is.
  • Miljøtunnel,  Rv 7 Hardangervidda kan bli lagt på is.
  • Rv 7 frå Gol til Eidfjord vert nedklassifisert til fylkesveg.
  • Ikkje vinteropne fjellovergangar Rv 7, Fv50
  • Utbetring av E16 over Filefjell må vurderast nærare. 

Hemsedal må truleg reversere kommuneplanprosessen

Målet i forstudien er at det skal setjast i gang prosjektering av vegstrekket og få dette inn i NTP (Nasjonal Transportplan) snarast råd. For Hemsedal må kommuneplanprosessen reverserast då det er ein del nye vegkorridorar som må inn og ”Tottetunellen” kan takast ut.

"Øst- Vest på tvers" ikkje tema på folkemøtet om kommuneplanen.

Sjølv om både ordførar og planleggjar hadde kjennskap til forstudien ved ope folkemøte om kommuneplan i går, måtte dei halde på løyndomen, då forstudien ”ØST –VEST PÅ TVERS” ikkje blei frigjeven før i dag

 Heile rapporten frå forstudie kan du finne på ww.regjeringa.no

 

Publisert
01.04.2011
Sist endra
13.04.2011