Bilete av vassstråle mot blå bakgrunn
Stor interesse for kurs om alkohollova
Hemsedal kommune og skjenkeverksemdene samarbeider om opplæring.
Onsdag 8. desember inviterer Hemsedal kommune til kurs i alkohollova.
Bakgrunnen for kurset er at skjenkeverksemdene og kommunen ynskjer å setje fokus på kompetanseheving for alle som arbeider i utelivsbransjen.
Selskapet Captus kompetanse er hyra inn for å førelese om alkohollova. Førelesinga skal gje deltakarane grunnlag til å kunne avlegge kunnskapsprøven om alkohol.
Heile 22 personar skal avlegge denne prøven onsdag.
Opplæring av tilsette er ein viktig del av Internkontroll alkohol. Felles opplæring er eit innspel frå utelivsbransjen. Bransjen ser sjølv viktigheiten av godt skulerte tilsette, og eit samarbeid mellom kommunen og skjenkeverksemdene om dette er ein god arena for nå felles målsetjing.
Hemsedal kommune er særs positiv til at dette initiativet vert så godt mottatt av bransjen.