To smilande barnehagegutar i utebasen. Foto: Terje Bjørnsen
Søknad om plass i barnehage 2011/2012
Fristen for å søkje barnehageplass i samband med hovudopptaket 2011/2012 er 1. mars.
Ynskjer du å vidareføre barnehageplassen slik den er i dag, skal du ikkje sende elektronisk søknad.
Du skal sende elektronisk søknad dersom du:
- er ny søkjar
- har plass og vil auke eller redusere denne
- har plass og vil endre dagvalget for denne
- har plass og vil bytte barnehage
- har sendt søknad for inneverande år og framleis står på venteliste
Rett til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året som det vert søkt om barnehageplass og som har søkt i hovudopptaket.
Søknad om ny plass/søknad om endring av tildelt barnehageplass
Alle som søkjer barnehageplass neste år, må gjere dette ved å nytte elektronisk søknad.
Vi vil tilrå at du registrerer deg som brukar og loggar inn i den elektroniske skjemabasen. Vel du å logge deg inn, kan du lagre utkast av søknaden sjølv om du ikkje er ferdig med utfyllinga. Du vil også få eit oversyn over kva for søknader du har sendt inn til kommunen.
Når du har sendt inn søknaden vil du få eit referansenr. Dette nr bør du ta vare på og bruke når du tek kontakt vedr. søknaden/meldinga til Hemsedal kommune. Du vil og få ein e-post med bekreftelse av motteke søknad, men det kan ta opptil eit døgn før du får denne.
Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget i kommunen.