Illustrasjonsfoto uteleikeplass Tuv oppvekstsenter
Illustrasjonsfoto uteleikeplass Tuv oppvekstsenter

Søknad om SFO-plass 2011/2012

Fristen for å søkje SFO-plass i samband med hovudopptaket 2011/2012 er 1. mars.

Alle som søkjer SFO-plass neste år, må gjere dette ved å nytte elektronisk søknad. Den elektroniske søknaden finn du her

Vi vil tilrå at du registrerer deg som brukar og loggar inn i den elektroniske skjemabasen.
Vel du å logge deg inn, kan du lagre utkast av søknaden sjølv om du ikkje er ferdig med utfyllinga. Du vil også få eit oversyn over kva for søknader du har sendt inn til kommunen.

Når du har sendt inn søknaden vil du få eit referansenr. Dette nr bør du ta vare på og bruke når du tek kontakt vedr. søknaden/meldinga til Hemsedal kommune. Du vil og få ein e-post som stadfestar at søknaden er motteken,  det kan ta opptil eit døgn før du får denne.

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget i kommunen.

I samband med den elektroniske søknaden vil du finne informasjon om opptaket og SFO-tilbodet.

Publisert
25.02.2011
Sist endra
02.03.2011
Publisert av
Marit Wøllo