Mange brukarar fornøgde med NAV Hallingdal

Ei fersk brukarundersøking ved NAV Hallingdal syner at mange brukarar er godt nøgde med tenestene og servicen dei får.

Meir enn 90 prosent av respondentane seier dei opplevde å få den hjelpa dei hadde behov for eller at dei delvis fekk den hjelpa dei hadde behov for. Meir enn 70 prosent av brukarane opplever å bli møtt med respekt når dei henvender seg til NAV i Hallingdal.

Tilgjengelegheit

Når det gjeld ventetida i publikumsmottaket, ventetid for å få kontakt med rett person eller ventetid for å nå gjennom på telefon er mange av brukarane i NAV Hallingdal godt fornøgde eller mellomfornøgde.

Møte med rettleiar

Nærare 65 prosent av brukarane i undersøkinga har vore i samtale/møte med retteiar. Ein stor del av desse er tilfredse og opplever at rettleiar la vekt på det dei hadde å seie, at rettleiar var interessert i å finne gode løysingar saman med dei, og at rettleiar hadde gode kunnskaper om lover og reglar som gjaldt deira sak.

Kven har svara?

239 personar som besøkte NAV Hallingdal over to-tre veker takka ja til å svare. I den lokale brukarundersøkinga er det spesielt tre område som er med:

  • Tilfreds med tilgjenget
  • Tilfreds med service, informasjon og brukarvenlegheit
  • Tilfreds med sakshandsamar/vegleiar.

Resultatet ev brukarundersøkinga kan du lese her 

Publisert
12.01.2011
Sist endra
31.08.2011