Illustrasjon Kulturgildet 2011. Design: Fjellnytt
Bli med! Kulturutveksling og Kulturgilde
Musikk- og kulturskulen er frå 19. til 24. mars vertskap for musikkskuleelevar frå Hemsedal sin venskapskommune Tõrva i Estland. Samtidig som esterane er gjester i bygda vert tradisjonen med Kulturgilde teke opp att.
Det musikkulturelle samarbeidet er eit prosjekt som starta hausten 2010 med kulturutveksling i Estland, og er støtta av mellom anna Norplus og Norsk Kulturskuleråd. Kulturgilde 19.- 24. mars er avsluttinga av prosjektet.
I løpet av desse marsdagane kan du velje blant ei mengde kulturarrangement ulike stader i bygda. Våre estiske vener vil også vise fram sin kultur, i tillegg til at norske og estiske musikk- og kulturskuleelevar jobbar saman om felles prosjekt.
Laurdag startar med dansefest på Lodgen med 7-mannsorkesteret Essoslistane.
Søndag er det både gudsteneste, Estlandsdag i skiheisen og spektakulær uteførestilling av Snødronninga i Fausko Amfi.
Måndag kan du velje mellom fjellfilosofi og jazz i biblioteket eller tradisjosnrik Hemsedalskveld på Hugnadheim.
Onsdag kveld kan du roe ned med kveldstonar i biblioteket. Ingvild Skølt og vener frå Toneheim folkehøgskole spelar avslappande musikk.
Det vert arrangert kurs i linedance, og dei songglade kan delta i kor.
Torsdag 24. mars under festkveld i Trøimshallen kan du oppleve norske og estiske elevar urframføre bestillingsverket Snowflakes av komponisten Erik Wøllo.
Fleire arrangement finn du i Kulturkalenderen.
Her kan du laste ned fullt program. (pdf)