Stabbursnøkkel. Foto: Marit Wøllo
Kultursalen no og i framtida- Draum eller realitet?
Onsdag 15. juni kl. 19.00 presenterer arkitekt Stein Halvorsen ”Draum frå ein scenekant”. Ein inspirerande storskjerm-presentasjon av arbeidet til prosjektgruppa. Talentfulle songarar med fullt band framfører eit variert musikalsk program.
Hemsedal si "storstugu" er nedslitt
Kultursalen i kommunehuset er ein sal med stort potensiale, men treng ei grundig oppussing og oppgradering for å bli eit brukbart og attraktivt lokale. Salen kan huse opp til 180 publikummarar og er det næraste vi kjem ei ”storstugu” i Hemsedal. Scenen, garderobeanlegga og backstage-arealet er romsleg og gjer salen godt eigna for både konsertar, teater, dans og møteverksemd. Foajéen er stor og luftig, med kort avstand til kjøken, kantine og toalett.
Kultursalen er no så nedsliten og lite oppgradert på det arrangementstekniske at han sjeldan er i bruk utover vanleg kinodrift. Kommunen sette difor ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på korleis ein kan oppgradere lokala og kva dette vil koste.
”Kultursalen no og i framtida - Draum eller realitet?”
Arbeidsgruppa avsluttar arbeidet sitt med arrangementet ”Draum frå ein scenekant”. Arkitekt Stein Halvorsen er invitert til å ”blåse liv i romma”. Under overskrifta ”Kultursalen no og i framtida - Draum eller realitet?” vil Halvorsen presentere sine idear og visjonar om korleis kultursalen kan bli ein triveleg og profesjonell storsal for hemsedølene.
Kveldens musikalske aktørar
Dei medverkande songarane er Malin Seline Strandberg, Tonje Halbjørhus, Astrid Wøllo, Mari Nymoen Eikre, Katrine Bjørkedokken, Lise Marie Jorde, Vilde Storebråten, Hedvig Langehaug og Bim Ødegård Evensen. I bandet sit Audun Haugeplass (piano/gitar), Herman Kvelprud Stein (bass/gitar), Felix Lenning (trommer) og Tori Snerte (fløyte).
Kveldens konfransier er Ingunn Granli.
Pause med kaffi og enkel servering.
Arrangementet er gratis.