Lurblåsar ved Skogshorn. Foto: Ole Jørgen Liodden
Lurblåsar ved Skogshorn. Foto: Ole Jørgen Liodden

Kulturplan 2012- 2016

Kommunen startar i desse dagar arbeidet med kulturplan. Planen skal innehalde litt om mål og tiltak for kulturen og kulturarbeidet i kommunen dei neste 4 åra.

Bli med, gje innspel!

Planen skal ta for seg bibliotek, musikk og kulturskulen, ungdomsklubben, barn og unge, kulurvern, idrett og friluftsliv, lag og organisasjonar.

Har du meiningar om kulturlivet i Hemsedal så er du herved invitert til å gje oss innspel  til vårt vidare arbeid. 

Arbeidsgruppa

I arbeidsgruppa for kulturplanen sit oppvekstsjef Gunn Berit M. Nergård,  rektor i musikk- og kulturskulen Kirsten Lund, fritidsleiar Martin Hjelset, biblioteksjef Kristin S. Thorson og kulturkonsulent Marit  Huso.

Oppdatering av register over lag og organisajonar

Når det gjeld alle lag og orgainsasjonar i Hemsedal så ynskjer vi at de alle sjekkar om dykkar lag ligg i lista der, ofg at kontaktopplysningane stemmer. Om de ikkje står på lista – bli med oss å komplettere lista slik at ho inneheld alle lag i Hemsedal!

Oversikt over alle registrerte lag- og organsiasjonar kan de sjå her.

Hugs også å gje melding om sletting av lag som ikkje eksisterer lenger. 

Send skriftleg innspel til Hemsedal kommune, 3560 Hemsedal  eller e-post til postmottak@hemsedal.kommune.no innan 1.april.

Publisert
03.03.2011
Sist endra
02.04.2011
Publisert av
Marit Huso/ MW