Kartlegging- Tilbod og etterspurnad etter kontorlokalitetar

Kunnskapsbaserte næringar – ein mogelegheit for kommunen ?  

Hemsedal kommune ønskjer kontakt med grunneigarar eller eigedomsutviklarar som kan utvikle eit attraktivt felles kontorlandskap for framtidige leigetakarar. Kommunen ønskjer også kontakt med marknaden som etterspør eit felles kontorlandskap.

Prioritering næringsarbeid

Hemsedal kommune har i vedteke kommuneplanen, - samfunnsdelen som mål å prioritere næringsarbeid med vekt på nyetablering og knoppskyting i etablerte verksemder.  Kunnskapsbasert- og kreative næringar er i denne samanheng eit særskilt satsingsområde.

Mangel på kontorplass ein hemsko for vekst og tilflytting

I Hemsedal er det knapt nok kontor å oppdrive, og dei som er ledige er ikkje nødvendigvis i storleik eller lokalisering eigna for vekst og utvikling. Me veit samstundes at fleire sit på heimekontor grunna manglande tilbod. Kommunen mister også mogelege tilflyttarar som kan tenke seg å ta med jobben, eller etablere avd.kontor i bygda.

Spørsmålet er korleis kommunen kan bidra til å fremje eit miljø for kunnskapsbaserte næringar utover å yte næringsstønad til kvar einskild næringsutøvar/ etablerar i samband med etablering.

Eit felles kontor- og utviklingsmiljø for kunnskapsbaserte næringar kallast ofte næringshage. Her er det tilbod om infrastruktur (IKT, breiband, felles resepsjon), og synergi i form av felles profilering eller marknadsføring samt enklare tilgang til nye marknader. Verksemdene i ein næringshage representerer i seg sjølv eit stort nettverk som kan vere interessant for andre leigetakarar. For nyetablerarar vert ofte slike miljø eit springbrett ved å vere ein del av eit større fagmiljø.

Næringshage

Det som skil ein næringshage frå eit felles kontormiljø er at dei ofte inneheld tilbod om ein utviklingsressurs (ein tilretteleggjar, - koblingsboks med kunnskap, tilgang på kapital og marknad som syter for felles profilering og kompetansefremjande tilbod).

I Trøim sentrum finn ein både bygningsmasse og areal som kan ha potensial til å utvikle seg til ein næringshage. Næringsareal på Svøo kan også egne seg for dette.

Formannskapet vedtok i møte 22. mars å starte ei kartlegging: 

  • av grunneigarar/ eigedomsutviklarar som er vuljuge til å leggje fram eigedomstilbod som tilfredsstillar dei krav kommunen set for ein næringshage. Slik som storleik, krav til fellesareal, i kva grad eigedomsutviklar sjølv ønskjer å leggje til rette for eit slikt miljø m.m.
  • av etterspurnaden etter kontorlokalar, altså kven kan tenkje seg å leige, type verksemd, kor mykje og kva for type areal som vert etterspurt, (kontor, lager, krav til fellesareal etc.) og krav til fasilitetar.

Med bakgrunn i nemnde kartlegging vil kommunen ta stilling til kva slags rolle kommunen  ønskjer å spele for å fremje etablering av eit attraktivt kontormiljø – anten ved sjølv å leige eit større areal for framleige, eller for ein tidsavgrensa periode subsidiere leigekostnadar for leigetakarar.  

Ønskjer du å bidra til utvikling av eit slikt utviklingsmiljø, eller etterspør du kontorareal – ta kontakt med Ola K. Frogner, på e-post ola.frogner@hemsedal.kommune.no for nærmare informasjon og registrering.

 

Publisert
04.04.2011
Sist endra
20.05.2011
Publisert av
Ola Frogner