Vinterfjell. Foto: Marit Wøllo
Vinterfjell. Foto: Marit Wøllo

NY HØYRINGSFRIST! Høyringsperiode for planprosess - regional plan for Nordfjella

FRIST FOR Å SENDE INNSPEL ER UTSATT TIL 10.MARS 2012.

Arbeidet med Regional plan for Nordfjella er i gang. Fylkeskommunane i Buskerud, i Hordaland og i Sogn og Fjordane har hovudansvaret for arbeidet, men det skal utførast i tett samarbeid med kommunane, fylkesmennene og villreinnemnda i området.

Hovudformålet med planen er å bestemma ein langsiktig og heilskapleg strategi for bruk av areal som er viktige leveområde for villreinen, eller påverkar leveområdet til villreinen. Gjennom prosessen skal det takast omsyn til ulike brukarinteresse. Villreinen skal sikrast gode leveområde og langsiktig gode livsvilkår. Det skal leggast til rette for friluftsliv og for næringsutvikling basert på naturressursar og bygdeutvikling i lokalsamfunna rundt Nordfjella.

Planprogrammet er no vedteke i dei tre fylkesutvala. Dette gjev rammer for det vidare planarbeidet. Kommunane skal gje innspel til planprosessen før arbeidet med utarbeiding av sjølve planen tek til. Det blir derfor opna for ein høyringsperiode der frist for å sende inn innspel er 10.mars 2012. Innspel sendast skriftleg til Hemsedal kommune, 3560 Hemsedal.

Planprogrammet kan du lese her.

Meir informasjon om planarbeidet: www.regionalplan-nordfjella.no

Send elektronisk innspel her.

 

 

 

 

Publisert
26.01.2012
Sist endra
03.02.2012