Dispensasjon frå reguleringsplan og bruksendring frå hotell til asylmottak

Fylkesmannen gjer om  Hemsedal kommune sitt vedtak av 19. mars 2009 slik at det vert gjeve mellombels dispensasjon frå planføremålet hotell/forretning på eigedomen gbnr 88/10.

Det vert samtidig gjeve mellombels løyve til bruksendring slik at eigedomen kan nyttast som asylmottak.

Det vert stilt som vilkår at eigedomen vert opparbeidd slik at vegvesenet sine krav til avkøyrsle og frisiktssoner vert overhalde.

Forpliktelse til å ta imot og innlosjere flykningar

I grunngjevinga heiter det mellom anna at når det gjeld den konkrete dispensasjonsvurderingen viser Fylkesmannen til brev frå Kommunal- og regionaldepartementets  til kommunar og fylkesmenn av 26.02.04. Departementet framhever her at dei samfunnsmessige interessene som ligger i Noreg sine forpliktelsar til å ta imot og innlosjere asylsøkarar, vil kunne vere et grunnlag for å seie at det foreligger "særlige grunner".

Det følger av punkt 5 i brevet:

"Det bør kunne påvises omfattende negative konsekvenser for lokalmiljøet, eventuelt omfattende tekniske hindringer, for at kommunen skal vektlegge slike konsekvenser sterkere enn de samfunnsmessige interesser som ligger i at Norge kan følge sine forpliktelser til å ta imot og innkvartere asylsøkere. Og jo nærmere opp til tidligere bruk driften av mottak ligger, desto mer bør det kreves for å avslå en søknad om bruksendring".

Merknader frå naboar og ulike etatar

I denne saka er det kome inn merknader frå ei rekke av naboene som alle uttaler seg negativt til bruksendringen. Merknadene går i all hovedsak på at dei ikkje ynskjer den usikkerhetita eit asylmottak kan føre med seg. Det er også kome merknader frå ulike kommunale etatar, NAV og lensmannsetaten som alle fremhever at oppretting av asylmottak vil kunne medføre meirarbeid som det ikkje er kapasitet til med dagens bemanning.

Fylkesmannen vil her bemerke at den eksisterende bemanningssituasjonen til offentlege tenester vanskeleg kan sjåast som eit moment mot oppretting av asylmottak. Slike tenester vil nesten aldri vere klare på førehand og må tilpasses det til eikvar tid eksisterande behovet i kommunen.

Når det gjeld nabomerknadene har Fylkesmannen forståing for at eit asylmottak i nærområdet kan skape usikkerheit.
Dette er ein følelse som er vanleg i nærmiljøet rund slike tiltak og er ikkje spesielt for dette området.

Fylkesmannen sin konklusjon

Etter ei samla vurdering kan ikkje Fylkesmannen sjå at det ligg føre slike omfattende negative konsekvensar for området som bør tilleggast større vekt enn dei sterke samfunnsmessige interessene som taler for å tillate ein midlertidig dispensasjon frå planformålet.

I vurderinga er det lagt avgjerande vekt på at den planen det vert gjeve dispensajon frå er gama samt at endringen frå opprinneleg planføremål er liten. det er dermed ikkje gjort vesentlege avvik frå opprinneleg plan.

Det er også vist til at eigedomen er særleg eigna som mottak med gode lokale og eit stort uteopphaldsareal. 

Publisert
22.06.2009
Sist endra
17.08.2009
Publisert av
Marit Wøllo