Søk tidleg om dispensasjon frå motorferdselsforbodet i utmark og vassdrag

Skal saksbehandlinga i kommunen vere riktig og i henhold til lov og forskrift må alle som ynskjer å få dispensasjon frå motorferdselforbodet i utmark og vassdrag søkje i god tid.

 

Dette gjeld  spesielt alle som søkjer etter § 6 i nasjonal forskrift for bruk av motor køyretøyer i utmark og på islagte vassdrag. Denne forskrifta sleg fast at avgjersla ikkja kan delegerast til kommunal tenestemann, men skal avgjerast av eit folkevalt organ i kommunen. I Hemsedal er det det formannskapet som avgjer slike saker.

§ 6 i nasjonal forskrift opnar for at kommunestyret, eller eit anna folkevalgt organ som kommunstyret bestemmer, etter skriftleg søknad gjev tillatelse til køyring utover §§ 2, 3 og 5 dersom søkjeren påviser eit særleg behov som ikkje knytter seg til turkøyring, og som ikkje kan dekkast på annan måte. Før eit eventuelt løyve vert gjeve skal transportbehovet vurderast mot moglege skader og ulemper i forhold til eit mål om å redusere motorferdselen til eit minimum.

Dei som søkjer om dispensasjon frå motorferdselforbodet må setje seg inn i kva for pragraf deira køyreformål kjem inn under. Vert ikkje formålet omfatta av §§ 2, 3 eller 5 i nasjonal forskrift skal saka opp til politisk behandling. Møtekalenderen til formannskapet legg opp til ca eit møte kvar månad. I tillegg må sakshandsamar ha nok tid til å førebu saka, og det er også lagt inn ein frist for når saka må vere ferdig, ca to veker før politisk handsaming. Det betyr at kommunen må ha søknad i hende minimum ca 3 veker før formannskapet har møte. Korleis denne fristen passar inn med planlagte motoriserte aktivitet er det søkjer ansvar å halde styr på.

Søkjer risikerar å få sin søknad avselgen dersom den ikkje kan verte handsama slik regelverket seier. Difor; ver ute i god tid!

Sjå her for meir informasjon og søknadskjema.

Publisert: 22.10.2009
Sist endra: 05.11.2009
Oppretta av: Jørn Magne Forland

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo