Skjerpa buplikt for bustadeigedomar

Hemsedal har skjerpa buplikt

kvit hallingstugu

Statens landbruksforvaltning har fastsett nye forskrifter om nedsett konsesjonsgrense (nullgrense) for Hemsedal kommune.

Slektskapsunntaket i konsesjonslova er no sett ut av kraft. Det betyr at den som overtar ein bustadeigedom frå nær slekt må søkje konsesjon om eigedomen ikkje skal brukas som heilårsbustad.

Vesentlege endringar i lova frå 2009

  • Opna for at kommunane kan søkje om å setje konsesjonsfridomen ut av kraft for ubygd tomt og for nære slektningar.
  • Buplikta i områder med nedsett konsesjonsgrense er upersonleg.
  • Upersonleg konsesjonsgrense kan oppfyllast anten ved at eigaren bur på eigedomen sjølv eller at ein leiger ut til andre fastbuande.

Konsekvensar for Hemsedal

I Hemsedal kommune er konsesjonsfridomen sett ut av kraft for tre typar eigedomar.

  • Eigedomar som er eller har vore i bruk som heilårsbustader.
  • Eigedom med bygningar som ikkje er tatt i bruk som heilårsbustad i regulerte bustadområde ( bygg under oppføring)
  • Ubygde tomter i regulerte bustadområde.

Dei nye reglane gjeld og for nære slektningar.

Om du eller andre skal bruke eigedomen som heilårsbustad, skal du bruke raudt eigenerklæringsskjema (SLF-356). Dette skjema skal og brukast om eigedomen ikkje er konsesjonspliktig etter forskrifta.

Om du søkjer konsesjon for å sleppe buplikt, vil kommunen vurdere om det er grunnlag for å bruke eigedomen som fritidsbustad.

Forskriftene vil du også finne i vår kommuneoversikt om kort tid.

Publisert: 16.02.2010
Sist endra: 16.02.2010
Oppretta av: Unni Mythe

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo