Fototutstilling på Kommunehuset

telemarkskyr og budeie i gamalt stølsmiljø. Foto: Per DevorOpning av salsutstilling fredag 4. juni, kl. 12.00.

Utstillinga vil vare fram til 30.september, og er open i kommunehuset si opningstid, måndag-fredag kl. 09.00-15.00.

 

   

Fotografen Per Devor kjem til Hemsedal for å ha salsutstilling i foajeen på kommunehuset.

Per Devor (f 1922) fekk si fotografutdanning som norsk-jødisk flyktning i Stockholm under krigen. Han har alltid hatt stor forkjærligheit for norsk natur og kultur, og har ei unik evne til å fange gode motiv.

Per Devor har ei spesiell tilknytning til Helsinglia i Hemsedal – der han og familien leigde ein liten støl på 60- og 70-talet. Mange av bileta er teke der og i området rundt.


 

Publisert: 31.05.2010
Sist endra: 25.05.2010
Oppretta av: Marit Wøllo

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo