Kunngjering - reguleringsplan for Hemsedal Hytte- og Feriepark, endring av gjeldande plan

bilde av bebyggelse ved sjø med innfelt bilde av utsnitt av reguleringsplanI samsvar med § 27-2 i plan- og bygningslova godkjente Hemsedal kommunestyre den 02.07.2009 i sak 52/09 Reguleringsplan for Hemsedal Hytte- og Feriepark, endring av gjeldande plan i tråd med planføresegn datert 07.08.2008 og plankart datert 22.01.2008.

 

  • Hemsedal kommunestyre gjorde i samsvar med § 2 i jordlova, § 12 i jordlova gjeldande for heile planområdet med unntak av byggeområda (gult) T3, T7, T8, T9-18 og T19 for fritidsbygg.
  • Hemsedal kommunestyre oppheva i samsvar med § 28-1 i plan- og bygningslova Bebyggelsesplan for Mythe Hyttefelt godkjent av Hovudutvalet Plan og Ressus den 04.07.1996 i sak 29/96.
    Formålet med planen er følgjande:
    - regulere fritidsbustader frå næringsverksemd (utleigehytter) til fritidsbygg som kan delast frå/seljast.
    - etablere to nye fritidseiningar.
    - regulere eit område for næringsverksemd og eit aktivitetsområde.


Reguleringsendringsvedtaket kan påklagast i samsvar med §§ 27-3 og 15 i plan – og bygningslova, jf. Kap.VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må vere sett fram skriftleg til Hovudutvalet Plan og Ressurs innan 3 veker frå kunngjeringsdato.

Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg til Hemsedal kommune innan 3 år etter kunngjeringsdato, jf. §§ 32 og 42 i plan – og bygningslova

Plandokumenta finn du i boksen til høgre.

 

Publisert: 07.01.2010
Sist endra: 07.01.2010
Oppretta av: Lina S. Eskerud

• 3560 Hemsedal     • Tlf: 3140 8800     • Send e-post til Hemsedal kommune     • Nettansvarleg: Marit Wøllo