Hemsedal kommune er møtet mellom aust og vest, 9 mil frå Lærdal og Sognefjorden, 3 mil frå Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Flatevidde 753 km2.
Høgda over havet varierer frå 560 moh ved Eikredammen til 1920 moh på toppen av Høgeloft.Kommunen er i vekst med auke i folketalet og spennande utvikling i reiselivsnæringa parallelt med eit livskraftig landbruk.
Alpinsenteret er vel kjend og har høg kvalitet, samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede både sommar og vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.
Innbyggarar pr. 01.10.2011 er 2 226
Fleire fakta om Hemsedal kommune finn du på ssb.no
Avstandar/kommunikasjon
Hemsedal – Gol: 32,2 km
Hemsedal – Oslo: 222 km
Hemsedal – Bergen: 326,8 km (over Hol-Aurland)
Hemsedal – Bergen: 280 km (Lærdalstunnelen)
Det går dagleg buss- og togforbindelse både aust- og vestover.
Næringsliv
Naturen gir grunnlaget for dei to store næringane i Hemsedal, landbruk og reiseliv. Aktiviteten her utgjer basis for dei andre handels- og servicenæringane. Vi har eit godt utbygd tilbod for dei mange tilreisande gjestene – og eit aukande antal bygdefolk.
Næringlivet i Hemsedal har dei seinare åra vore prega av initiativ og optimisme. Hemsedal kommune er ein av dei kommunane som på landsbasis utmerkar seg med etablering av mange, nye verksemder.
Kommunen har hatt ein oppsving i etableringa av næringmiddelbedrifter. Både småskalaprodusentar og store kjøttforedlingsbedrifter har sitt sete i bygda.
Kulturliv
Det er eit rikt kulturliv i kommunen, med omlag seksti frivillige lag- og organisasjonar. Mange aktive einskildpersonar er med og skaper mangfald i kulturtilbodet. Kommunen ser det som viktig å ta vare på alle dei eldsjelene bygda har. Dette gjer vi gjennom å gje dei gode vilkår - ikkje minst gjennom økonomisk støtte i form av gratis hus og tilskotsordningar.
Skule / oppvekst
Ulsåk Oppvekstsenter:
- Barnehage med fem avdelingar
- Skule for elevar i 1. – 4. Trinn
- SFO
Tuv Oppvekstsenter:
- Barnehage med fem avdelingar
- Skule for elevar i 1. –4. Trinn
- SFO
Hemsedal barne- og ungdomsskule:
- Elevar frå 5. – 10. trinn
Natur og friluftsliv
Hemsedal er ei fjellbygd med slektskap til Vestlandet. Dramatiske fjelltoppar omkransar ei flat elveslette med slakare kollar og mindre toppar som ligg ikring.
Alpinområdet er eit markert element i Hemsedal sitt landskap.
Hemsedal sine skiheisar er likevel lagt inne i eit skar i fjellsida, og ligg godt gøymd i dalføret.
Innanfor kommunen har ein store naturverdiar, der fjellterrenget dominerer. Hydalen Landskapsvernområde og Holstein Fjellstølane Naturvernområde er viktige verne- og bandlagde område i denne regionen. Hemsedal har fleire verdfulle våtmarksområde i ulike høgdedrag.
Hemsedal har eit godt tilbod for friluftsliv både sommar og vinter. Det er eit godt utbygd skiløypenett i tillegg til skiheisane, og mange spennande fjellturar for fleire årstider.
(Kommuneplan 1999-2011)
Visjon for kommunen si utvikling
Ta vare på Hemsedal -
vekst og utvikling bygd på natur, kultur og livskvalitet.
(Kommuneplan 2003-2015)