Tenester for personar med nedsett funksjonsevne

sommarfugl i blåtoner

Hovudmål

Utvikle og utøve gode samorda tenester til personar med nedsett funksjonsevne slik at dei reelt opplever auka livskvalitet.

Arbeidsmål – Kva det blir jobba med:

Prosjektgruppa har kartlagt kva tenester Hemsedal kommune har i dag og kven som har ansvaret.

Dei arbeider med å utarbeide eit forslag til ei formålsteneleg  organisering  av tenester til personar med nedsett funksjonsevne.

Dei jobbar med

  • å utarbeide malar og retningsliner for bruk av individuell plan
  • at individuell plan blir brukt som eit arbeidsverktøy
  • å avklare kven som skal ha  koordineringsansvaret på systemnivå og individnivå.
  • at støttekontaktordninga skal ha preg av god kvalitet, god utnytting og god oppfølging.
  • avklare kven som skal ha ansvar for ulike tenester til menneske med nedsett funksjonsevne.
  • å utarbeide forslag til heildøgnstilbod i permanent bustad/ avlastningsbustad til menneske med nedsett funksjonsevne.
Publisert
23.02.2009
Sist endra
06.09.2011
Publisert av
Borghild Moen