Samordna kvalitetssystem

grafikk, sommarfugl i blåtoner. logo kvalitetskommune

Hovudmål

Utvikle eit godt, samordna kvalitetssystem

Arbeidsmål – Kva det blir jobba med:

Prosjektgruppa vil arbeide med å skape ein god prosess som kan avdekke forhold som til slutt kan byggje opp under eit felles samordna kvalitetssystem.

Det er gjennomført kartlegging på:

  • Kva som fins av kvalitetssystem i kommunen
  • Kva for ønskjer dei har til eit kvalitetssystem
  • Kva som blir nytta for å måle resultat
  • Kva som som er kritiske suksessfaktorar for god kvalitet


Det er bestemt at Hemsedal kommune skal nytte seg av ”bedre kommune" for å gjennomføre brukar- og medarbeiderundersøkningar.

Det blir no jobba innad i teknisk-, Kultur og oppvekst og pleie- og omsorgsetaten med  å  leggje fram eigne forslag på tiltak som skal forankrast i sjølve Kvalitetskommuneprogrammet – altså system og rutinar som kan betre kvaliteten på dei tenestene vi leverer.

I Hallingdal er det eit eige prosjekt som ser på felles innkjøp av kvalitet-,  HMS-system.

Det blir arbeidd med tenestebeskrivingar

Publisert
23.02.2009
Sist endra
06.09.2011
Publisert av
Borghild Moen