Kvalitetskommune

profilbilde kvalitetskommuneprogrammet

 

 

 

Om programmet

Programmet ”Kvalitetskommuner” er ei omfattende satsning i arbeidet med å realisere kommunalministeren sin visjon for kommunesektoren:

  • Kommunane skal vere ein levende demokratisk arena der folk ønskjer å delta.
  • Kommunane skal yte tenester av høg kvalitet.
  • Kommunane skal vere ein dynamisk samfunnsutviklar som legg til rette for samarbeid mellom offentlege myndigheiter og frivillige krefter.
  • Kommunane skal vere ein god arbeidsplass for dei tilsette.
  • Høg etisk standard skal prege den kommunale kvardagen.

Programmet skal gjennomførast i tida 1.1.2007 til 31.12.2009 i eit samarbeid mellom staten, KS og arbeidstakar­organisasjonane, og skal bidra til å styrke kommunesektoren sitt omdømme.

Målet med samarbeidet

  • Auke kvaliteten og effektiviteten på det kommunale tenestetilbodet gjennom konstruktiv samhandling mellom dei folkevalte, leiarane og dei tilsette slik at innbyggjaren kan merke forbetring.
  • Det er eit særskilt mål å redusere sjukefråveret i kommunesektoren.
  • Det er eit mål at over halvparten av kommunane i landet  skal ha deltatt i programmet.

Det inneber mellom anna:

  • Aktiviteten skal byggje på arbeid som allereie vert gjort eller er gjort
  • Utfyller og forsterkar eksisterande arbeid.

 

Publisert
19.02.2009
Sist endra
04.01.2012
Publisert av
Marit Wøllo