Glade barnehagebarn i utebasen. Foto: Terje Bjørnsen
Ledige stillingar
Vi ynskjer velkommen som søkjar til stilling i Hemsedal kommune.
I menyen til venstre finn du oversikt over ledige stillingar hos oss.
Om vi for tida ikkje har nokon ledige stillingar eller stillingar som er av interesse for deg, er det likevel hyggeleg om du viser interesse ved å sende ein generell søknad til oss her i Hemsedal kommune.
Vurderer du å flytte til Hemsedal finn du mykje nyttig informasjon her på heimesidene våre. Informasjon om dei andre kommunane i Hallingdal finn du ved å gå inn på menypunktet Hallingdal.
Mellom ytterkantane i Hallingdal er ikkje avstanden større i tid enn det mange i ein storby bruker på mykje kortare reiseveg. Arbeidsmarknaden vil difor naturleg vere heile Hallingdal.
Du kan finne ledige stillingar i heile Hallingdal ved å gå inn på NAV arbeid sine sider. Det er i tillegg mogleg å registrerer deg som søkjar til ledige stillingar i Hallingdal på www. ressurspersoner.no
Under generell informasjon finn du opplysningar som gjeld for stillingar som er utlyst i Hemsedal kommune.